I det salet vil norske nettbokhandlarar fylle ei nøkkelrolle, på lik linje med over 600 fysiske utsalsstader. Det er ein samanheng mellom politiske vedtak og befolkninga si evne og lyst til å lese.
Nordmenn er mellom dei mest lesande folk i verda. Hele 93 % av befolkninga sa i den store Bokundersøkinga 2010 at dei i løpet av fjoråret hadde lest ei eller fleire bøker. Målet vårt er å oppretthalde dette høge nivået, og visjonen vår er å tilby lesaren breidda av norsk litteratur, uavhengig av format.
Gjennom det siste året (2009/2010) har heile bokbransjen, forfattarar, forleggarar og bokhandlarar i fellesskap jobba med å få på plass eit konkurransedyktig norsk tilbod av e-bøker. Både teknisk kvalitet, like standardar og felles handtering har vore debattert, justert og etablert.
Vi er altså klare for å tilby lesarar norske e-bøker gjennom brukarvennlege løysingar, og vi ønskjer å ta opp konkurransen med særlig utanlandske netthandlarar som Amazon, Apple og andre for å sikre også denne moderne delen av lesinga på vårt eige språk.
Ei brei utgjeving og god tilgang av bøker på norsk har vist seg å auke lesinga, noko som igjen bidrar til bevaring og utvikling av språket. Fleire og fleire vil etter kvart velje e-bøker. Det er derfor viktig at tilbodet av norske e-bøker vert attraktivt, både i tal, aktualitet og så langt mogleg i pris
Fleire les meir. Situasjonen ser lys ut. Lesarundersøkinga som vart utførd av Synovate i februar, på vegne av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen viser at både menn og kvinner har hatt ei positiv utvikling i lesinga i løpet av dei 10 siste åra; vi les og kjøper stadig fleire bøker. Kanskje er det ei moglegheit til å få endå fleire til å lese endå meir når vi og får e-boka på norsk?
Mykje av forklaringa til den gode litteraturpolitikken botnar i eit stortingsvedtak frå 1966 om fritak for ein omkostningsbelasting på det trykte ord.
At Stortinget i 1966 ikkje kunne ane korleis ’det trykte ord’ kunne framstå i 2016, gir ingen god grunn til å fråta dei deira visjonære innsikt; Det er viktig for Noreg at språket lever.
Éin av måtane dette kan stimulerast på, er å skape eit så rimeleg utgangspunkt for spreiinga som mogleg. E-bøker kjem til å bli viktig for lesinga framover. Vi ber styringsmaktene la den vere momsfri på linje med ei kva for helst anna norsk bok. For det er ingen tvil om at konkurransen frå dei store internasjonale aktørane vil verte tøff. Newts svar er eit godt døme på det.
Av Randi S. Øgrey, direktør i Bokhandlerforeningen, 2010
Stikkord: